Refleksjonsnotat

Det har gått 100 dagar, klotevandrarane har rykka attende til start, og oppdateringstenesten du sit og strevar med å tyde har ikkje lenger nokon funksjon. Dette innlegget er å rekne for for dødsrallinga til ein utdatert bloggar. 

Som didaktikar har eg lært at refleksjon er kjelda til alt godt, og det er no radt på tide å setje seg ned, sjå attover og dra nokre liner.

Vi har forflytta oss over 50 000 km, vitja ni land, Anne har gått sund to par sko, Catrine har fått 570 insektsstikk (Anne har teke ny personleg rekord med over 50), vi har plukka 5 000 000 000 sandkorn ut or bikinitrusene våre og 70 bitar gopler ut or bikinitoppane. Vaskeritilsette har stole 14 av underbrøkene våre; Tove, Linn og Martin har smurt seg med over seks liter solkrem, Anne har sete i eit flysete i 84 timar, men Catrine har rekorden med nærare 5 døgn. Midt oppi dette talmaterialet har over 3200 lese denne bloggen, noko som vitnar om at det norske folk har mykje fritid, men som sjølvsagt likevel er hyggeleg. 

Vi har brukt opp sparepengane våre i form av mexikanske pesos, belize dollar, cubanske konvertible, cubanske pesos, peruvianske nye soles, argentinske pesos, uruguayanske pesos, brasilianske real, US dollar og australske dollar. Om det var verdt pengane? Ja, det var verdt kvar ein gærning. 

Påfunnet med å dra jorda rundt valde vi å promotere med rot i det diffuse omgrepet daningsreise. Einskilde av dykk ventar kanskje difor å møte ny utgåver av frk. Flakk Haugen og frk. Jordal Myrset. Oppdaterte variantar med viktoriansk bordskikk og pietistisk moral. Det vart ikkje slik. På mange måtar har vi gått frå å vere kultiverte menneske til å bli meir lik dyr. 

Catrine, som før ho drog hadde ein usedvanleg velutvikla brekningsrefleks, kan no ete lunka yoghurt med møkkete skei i skuggen av ein utedass. Anne, som før ho drog måtte høre på lydbok i tre timar for å få sove, har no opparbeidd seg evna til å sove som ein hund direkte på steinflisene i ymse avgangshallar. Når vi finn klumpar av mugg i rømmeboksen skrapar vi dei berre vekk og et resten. Anne har òg gått berrfota på alle tenkelege underlag - inkludert i gjødseldynga på Cuba. 

I motsetnad til intensjonen om intellektuell utvikling har vi endt opp med grovt svekka IQ på ei rekkje områder. Ikkje kan vi lenger løyse enkle matematiske oppgåver. Vi kan heller ikkje snakke vårt eige morsmål. Som om det ikkje var nok at vi har øydelagt vårt eige språk, har vi og gjort skade på Ali sin tale. Ho formulerer seg no berre med ein aksent som bryt på trøndersk og nordmøring. Derimot vel vi å håpe på at dei visuelle evnene er styrkt, og ein skal heller ikkje sjå bort frå at vi har blitt ørlite grann kvassare reint kreativt. Dei siste to tesene er ikkje støtta av noko empiri. 

Sosialt sett kan det meldast av vi omfamnar ein stadig vidare normalitet, og at vi framleis er like udugelege til å setje ned foten og slå i bordet. MEN i motsetnad til kva alle betmakarar har sett oddsa sine på har vi ikkje krangla og gjort kvarandre til uvennar ein einaste gong på turen, så da kan det vere det same om vi brukar 15 minutt på å bestemme oss for kva for ein kaffe vi skal drikke. Til trass for at ingen hadde tru på at vi skulle kome oss heilskinna gjennom reisa har vi enno alle lemmar intakt, og ingen foreståande fengselsdommar på oss. 

Før vi kasta loss i februar gjekk vi rundt og trudde at 2012 baud på siste sjanse til å leve på impuls. No er ingen av oss framande for å ta oss arbeid på ein farm i Mosambique. Når det gjeld forventningane til framtida har Catrine fått den velkjende stressflekken attande. For Anne manifisterer angsten seg som ein klump med oppkast i halsen, og det byrjar å demre for meg at denne blogginga ikkje akkurat har fremja moglegheitene for at jobbtilboda skal renne inn. 

På same tid er det stor stas å ha føtene planta på norsk jord att. Vi er heime med knekkebrød, makrellpålegg, sommarferie (ha, ha), 17. mai, traktekaffe, reine senger, norske fjell, og mål om å bli middels mosjonistar att. Vi kan klemme på venene våre, kysse på kjærastane, og finst det ein gjøkalv ein stad så meiner vi dette er tida for å sende han til slakt. Rull ut lauparen. Vi er heime.

DANGER, DANGER! High voltage!

Sidan sist har vi forflytta oss over til engelskspråkleg territorium. Frå Peru gjekk turen til dei såkalla Statane. USA sto frå fyrste møte fram som ein parodi på seg sjølv. I bilutleigarskranken på flyplassen vart vi møtt med hån fordi vi valde for liten bil - "This might be what you europeans call big, but for us it is small". Sidan vi køyrde noko som openbert gjekk under kategorien leikebil, kompenserte vi med å velje den mest oppsiktsvekkande kuløren. Grønfarga var så stygg at tanta vår var flau over å ha doninga ståande i oppkjørselen. 

Området der aunt Mary Alice bur, og der vi vart innlosjert og dulla med, kler uansett ikkje akkurat ein Kia. Om ein skal overføre Rancho Palos Verdes til bilspråket vil nok Porsche Cayenne vere meir passande. Stikkorda er fancy, flashy og f***'n expencive. Uansett tok det oss ikkje lange omstillingsperioden å byte mentalitet frå kollektivliv, offentlege sanitæranlegg og køyeseng på sovesal; til eigne bad, reine dundyner, symjebasseng og jaccuzi i hagen og 70 friske, eteklare sitrustre utanfor stovedøra. Som om ikkje det skulle vere nok luksus hadde Bodil Tove teke turen over Atlanteren og møtte oss breiddfull av morskjærleik. Mamma var like god som ho alltid har vore og tante Mary Alice hadde ikkje forandra seg det dugg på 15 år. Ho var like kjapp i replikken, og like lett å bli glad i. 

I tillegg til å ture til San Diego og sjå turistattraksjonane på sjekklista (skilt og fortau) drog vi austover til Nevada, og leikeland for vaksne. Når det gjeld det som skjedde i Las Vegas skal dette tradisjonen tru ikkje skildrast djuptgåande. Det held med å nemne at vi farta rundt i den mest harry limosinen i Nevada og observerte klassiske tilfelle av folk med oksygentank ved speleautomatane. Martin tykte forresten byen var så flott at han køyrde tur/retur Los Angeles - Las Vegas to gonger.

Så vidt vi veit er no Tove, Linn og Martin trygt plassert i Laos, med alle pass på ein sikker stad (men ikkje i ein safe). Catrine og Anne fann det derimot fornuftig å reise omtrent så langt vekk frå Noreg som mogleg på tur heim. Via New Zealand gjekk difor turen til siste stoppestad: Australia. 

Ferda over Stillehavet gjekk føre seg med selskapet Air New Zealand, som kunne skilte med ein tryggleiksvideo der nakne folk dansa og utførte aerobicøvingar. Dertil hadde dei eit digert utval av film og seriar, og vi vart over oss av åtgaum då vi oppdaga at alle episodane av den danske serien "Forbrytelsen" låg ute. Gjensynet med Sofie Gråbøl førte til at vi omtrent ikkje sov gjennom overfarten, og drog på oss eit vekeslangt jetlag.

Vel framme i Australia feira vi krigsminnedagen ANZAC-day med å vere 12 timar på ein pub og sjå australsk fotball. Lest we forget. Når det er sagt har vi konvertert til å bli blodfans av Melbourne Demons - det minst suksessfulle og mest skandaleråma laget i serien for augneblinken. Vi finn det ikkje lenger rart at ein idrett blandar element som hasardiøse møljetaklingar, serving av ball med hendene, sparking av ball med føtene, 36 spelarar på banen, dommarar som tek innkasta baklengs, avlang ball  og åtte målstenger. Det er og heilt naturleg for oss at spelarane er iført stramme singlet og 15 cm lange shorts. 

Forutan å vere på footykamp har vi køyrd the Great Ocean Road, frøse oss halvt i hjel bak enkle vindaugsfag, sett på dyr og gamle fengsel og teke turen til Sydney for å kome til botn i sjekklista med operahus og Bondi Beach.

Australiarar er jamt over eit folkeslag som gjev deg trua på menneskeslekta attende. Alle vi har treft er grenselaust trivelege, og vår kjære Ali står sjølvsagt i spissen for godvilja. Om ein skal setje fingeren på noko betenkeleg (og det skal ein som regel) må det vere at vi mistenkjer aussiane for å vere litt lite gåverike. I Australia er det nemleg forbods- og påbodsskilt for absolutt alt. "Do not make jokes about having a bomb in your luggage", "do not leave your child alone in the car by the highway", "remember that beeing hit by the tram equals beeing hit by fiftheen rhinos on skateboards" (sic!)

No skal vi nyte dei siste dagane på loffen før vi vendar nasegrevet mot fedrelandet. Sjølv om det ikkje står skrive på noko varselskilt har vi bange aningar om at "reality equals beeing hit by fiftheen rhinos on skateboard".

Høgt oppe på fjellet og welcome to the jungel.

I Cusco merka eg og Tove til vår store overrasking at ein av vår barndoms yndlingssongar - den som går slik: "Høgt oppe på fjellet der såg eg det rauk. Det var sikkert ho Tove som koka seg graut" - finst i Peru. Sjølvsagt i panfløyteversjon. Den kom med frampeik om kva som skulle kome. Nemleg høge fjell og graut. Rett nok koka ikkje Tove han sjølv, men det kjem vi attende til. Oppi fjellheimen vart systrene Myrset tidleg redde for at genmaterialet skulle svike oss, og at vi skulle ende fjellvandringa på eit muldyr - kun iført høgdesjuke. Det viste seg til alt hell at draget av haupine den fyrste dagen var eit blaff, og at heile hurven tolte høgdemetrane godt. Det einaste som lei skade under trykket var alle flaskene med flytande føde og hygieneprodukt som ekspanderte og small opp i utide.

Forutan at den høgdesjuke myggolja impregnerte teltet til Catrine og Anne med insektsgift, gjekk den klassiske Inkaturen som ein leik. Vi var 16 turistar, to guidar, ein kokk, ein kokkelærling og 22 bærarar på turen. Dei 24 sistnemnde gjorde dette til den flauaste og mest behagelege fjellturen eg har opplevd. Frå Noreg er vi vane med tung sekk, skeivt telt, tre dagar gamalt brød, sveitt ost, knust kjeks og i høgda ei posesuppe frå Toro. I Andes får ein lett sekk, ferdig oppsett telt, gild mat, varmt vaskevatn, og blir vekt av at ein venleg mann stikk ein cocatekopp inn i teltet.

Når det gjeld dei 16 turistane utgjorde dei fire høflege britar, fire trivelege karar frå Colorado, to kjekke nordmenn vi ikkje kjende frå før, også oss - seks stykk som alltid pressa seg fram for å gå først (ein kunne stendig høyre meldingar som "norwegian passing by, be aware"), alltid bante ufrivillig stygt (det er ikkje lett å unngå ordet "shit" når Anne og Martin har ete dårlege reker og Linn brukar ordet som eit positivt utrop), alltid sette seg først til bords (med olbogane på bordet og kjeften vassflogen) og alltid åt opp alle matrestane (ikkje berre frå serveringsfata, men og rasket på britane sine tallikar).

Losane var i sin tur hovudguide Henry - ein alvorsam kar som endte alle ord med bokstaven d, og biguide Julio Cesar - ein flåsete skalle som kledte seg ut som lama under suppeserveringa. Dei stappa oss tjukke av Inkahistorie, og Henry sa alt minst tre gonger. Det vart mange d'ar. Med tanke på den grundige informasjonen er det ei skam for målet med daningsreisa at dei få namna eg hugsar på quecha er ruinen "saqsay waman" og fjellpasset "runku raqay".

Vi kom oss uansett over "dead woman's pass" 4200 moh, ned trappetraseen "the gringo killer" og nådde Machu Picchu etter plana. Der var det sjølvsagt storveges. Det einaste som var å utsetje på vandringa var at få hadde følgd oppmodinga i Bibelen, om å grave ned avføringa si med ein kjepp, slik ein alltid skal i følgje 5. mosebok. I Cusco feira Martin, Tove og Anne med å kjøpe tosifra kilo ull. Alle åt alpakkabiff, og Oda drog vidare til USA. Takk for no!

Frå høgda flaug vi ned til havnivå og inn i Amazonasjungelen. På elva Tambopata fekk vi ein ny guide - spøkefulle Emerson med laserblikk. Vi drog med oss to av dei veloppdragne britane og hamna i tillegg i lag med fem australiarar. Dei var ei gruppe finansfolk utkledt som rånarar, med gullkjeder og dyretatoveringar omkransa av eld. Aussiane drakk heile dagen, men var trivelege sjølv om dei vingla litt. I jungelen gjorde vi saman opp ei slags "Foreningen for skuelystne". Det var kiking og skotting, pliring og speiding det gjekk i.

Vi har sett (fritt omsett frå den engelske omsetjinga): Jaktedderkopp, hoppeedderkopp, piskeslange, grashopper, løvfrosk, trefrosk, to apesortar, capivara (den største gnagaren i verda), vandrepalme, telefontre, kvelartre, elefanttre, piraja, ferskvassardin, ferskvasskilpadde, umasse sommarfugl, blå og gul arapapegøye, gribb, umasse fugl, kulemaur, meir maur, vandrande pinne, papegøya med namnet Homer, firfisler, padde, tarantell, apeøresopp, eit pattedyr med stripete hale, paraplysopp, flaggermus, eldfluge, kvit dvergcaiman (ein alligatorart) og svart caiman. Den siste arten slong for øvrig Emerson opp i båten etter eit basketak i elva. Det kan kanskje samanliknast med at ein guide i den norske faunaen skulle kasta seg over ein vill jerv i ura, og tvihalde på han for at turistane skulle få teke bilete.

Elles tok Tove cirka 1000 bilete og ingen ramla i bekken. Det var godt, for livet hadde vore utpågjort om ein av oss hadde endt opp som husvert for ein liten fisk som sym inn i urinrøyret og veks seg 40 cm lang medan han tømmer givaren for blod.

No er vi nok ein gong i Lima, som er "kun en gold av øde ørk" utan Catrine. Vi gler oss til å hente deg på flyplassen i LA! I Miraflores har vi ete arabisk mat, Linn har teke seg ei treningsøkt for å svette vekk malariamedisinkvalmen og Martin, Tove og Anne har promenert. Distriktet er ei nyrik lomme med casino på kvart gatehjørne, og ljos i alle fargar. Då vi gjekk ned til Stillehavet for å høyre på rullesteinane som slær mot land, aka verdas største maracas, kom vi over eit selsamt eksemplar av bydekorasjon. Om kunsten i Miraflores er eit døme på ekspressiv avant garde eller smaklaust hastverksarbeid får dei som forstår seg på slikt vurdere. I alle fall finst det ei statue av Blanca, frå TV-spelet Streetfighter, som skal til å trynsleike Maggie Thatcher. Rundt denne kreasjonen sto det eit tjuetal folk og råklina. Slik sett kan ein i det minste trekkje slutning om at kunsten har meining skapt.

Det står berre att å seie hjarteleg takk til pacha mama for gåvene. Nord-Amerika ligg klår for våre sure tær.

(det kjem bilete av stasen seinare)

Rio og Storøya

Så hamna vi i legendariske Rio de Janeiro. Dei fleste vil nok hevde at byen ligg ein klasse over resten av Brasil, noko valet av OL-by og fotball-VM-finaleby vitnar om. I tillegg kan vi bekrefte at han ligg ein prisklasse over resten av Brasil, noko bankkontoane våre vitnar om.

Vi inntok eit hostell på Ipanema som kunne skilte med ei besynderleg plassering av luftanlegget. Konstruksjonen gjorde at det var iskaldt som ein pol frå hofta og ned, og heitt som ei badstu og oksygenfritt frå vomma og opp. Dei to Ennene (Anne Sofie og Anne), som strategisk hadde valgt overkøye, endte til slutt andføtes på golvet. Frostskader er trass alt å føretrekke framfor kvelning.

Etter ei natt fekk vi selskap av Martin og Eirik på hostellet. Dei hadde tilbakelagt to reisedøgn frå Bangkok via Johannesburg, væpna med sovetablettar til seks kroner. Sjølv etter slik ein avart av ekstremsport var dei friske og fine og meir eller mindre faste i fisken. Sidan fredrikstadgutane delte dagane sine med oss, vil eg takke ved å dedisere dette blogginnlegget til mamma Torhild og Erik Waagan.

Eit av dei tilhøva som utmerkar seg ved Rio er det relativt store fokuset på kropp og ytre. Strandsona fløymer av silikon og svulmande biceps. Dagens outfit er alltid synonymt med stringbikini eller speedo, også inne på matbutikken. Anabole steroidar får ein kjøpt på kioksen, og i det heile teke er det mykje ofyse. To dagsbudsjett rauk i kjøpet av den største bikinitrusa på Copacabana, då skribenten - om enn kor frilynt ho er - ville iføre seg noko som dekte meir enn rævasprikka.

Store delar av reisefølget var tydeleg påverka av ordspråket witness the fitness. A-laget, under leiing av kaptein Linn, sto opp til ukristelege tider og sprang og lempa på vekter. Komplementært dana det seg eit b-lag, som i det minste tidvis mosjonerte. Vi treng ikkje å gå nærare inn på laguttaka, men kan konkludere med at alle var nøgde med eigen innsats.

I tillegg til kællene hadde Oda komme til Brasil nokon dagar i førvegen. Ho budde hjå lokale kjenningar og fekk møte delar av Rio som er meir eller mindre skjult for vanlege turistar. Dette innebar mellom anna eit reisedøgn på fest ute i periferien.

Vi var sjølvsagt turistar og. Jesus fekk eit besøk og han sto seg godt - sjølv om Martin Mathisen meinte statuen var litt puslete. Tove, Martin Vaksdal, Anne-Sofie, Linn, Oda og Catrine fekk med seg solnedgang og mate på Sukkertoppen, medan Eirik, Mathisen og Anne traska rundt i favelaen Rochina og kika på kulehol og vart kalla sexmachine.

Etter Rio drog vi ut til Ihla Grande. Der møtte vi regnet, ei reservemor som framleis levde i 70-talets discoverd, og mykje mygg og mugg. Resevemora vår laga mat til oss kvar dag, bortsett frå då straumen gjekk over heile øya. Maten vart kreert med kjærleik og til tonane av ABBA på repetisjon. Ihla Grande vart vidare nytta til lett oppvarming før Andesfjella. Øya husar nemleg nokre flotte strender, som ein når via skogsstiar. Mathisen brukte desse vandringane til å spekulere over korleis kloakkanordningane er organisert på øya, og har avgjort at det må vere ein enorm marknad for ei bok som kartlegg alle kloakkanlegg på jorda. Vi andre ser fram til å lese "Kloakk og vann over land og strand" signert Martin Mathisen ein gong i framtida.

Sidan vi var på ei øy og hadde sjø på alle kantar tykte vi det var på sin plass med ein fisketur. Alle betalte ein grov sum kvar (utan Linn og Oda som droppa ut sidan dei ikkje er så glad i å fiske, og at Linn er redd for å huke kroken gjennom auga på fisken). Vi venta sverdfisk, eller i det minste småhai for den ublu prisen. Det viste seg imidlertid at skipparen vår var splitte pine gal, sprang att og fram i båten og remja, og at fiskinga føregjekk med senn, angel og åte festa til ei tomflaske. Noko slik eignar seg neppe til marlinfangst. Den tullete skipparen loste oss midt oppi ein stim med raud fisk (som truleg ikkje var etande etter skrikinga hass å døme), men som det var meininga at vi skulle hale inn og sleppe ut att. Sjølv om kaptein vom ikkje sparte på lydeffektane var det vanskeleg å halde entusiasmen oppe. Kreefiske i eit bekkafar er nesten meir spanande.

Etter Ihla grande drog vi kvar til oss. Eirik på jakt etter fleire tomlar, og Martin på jakt etter småflasker med sprit og alternative kloakkløysingar. Anne Sofie pakka sekken full av møblar og drog heim til norsk påske, medan vi andre drog til Peru. Der har halve banden vore med frisøren. No er vi på 3400 meter i Cusco, klare for vårt eige påskefjell og Machu Picchu. Catrine har nettopp spelt av ein episode av påskelabyrinten åt meg, så no kan berre høgda kome.

God påske, godtfolk!

Den beste caiprinhaen på turen i Brasil sto Tove og Martin Vaksdal for. Her nyt vi han før ein heilaften.

Levende liv

Omsider har ekspedisjonen entra Brasil. Etter å ha høyrd brasilofile Tove og Linn snakke om eksotiske fenomen som rodizio, pao do quiejo og caiprinha sidan dei landa i Amerika, har forventningane til dei resterande fire stige høgare enn Corcovado. Så langt er vi imponerte, mette og glade. Når det er sagt er vi kanskje blitt enno gladare i livet etter vi kom hit, då vi opptil fleire gongar har sett dauden i kvitauget.

Vi byrja turen i verdas femte største land i Foz do Iguacu. Sjølv nessetgjeldingane må vedkjenne seg at falla overgjekk det Mardalsfossen har å by på. Vi valsa rundt i steikvarmen og vasspruten i to fulle dagar, sidan vi måtte få med oss både den brasilianske og den argentinske sida av nasjonalparken. Det var her den fyrste nær-dauden-opplevinga kom. Medan vi traska rundt i jungelen, iført turistantrekket kortbrok og sandalar, hendte det. Brått sto Linn og Anne Sofie midt oppi ein raud, kvit og svart slange. Heldigvis var det godt over tredve gradar i lufta, så snoken var slapp og orka ikkje å irritere seg over at jentene steppa på han. Då vi kom til folk fekk vi vite at dyret var eit eksemplar av arten cobra koral, og uhyre giftig.

Frå fossefalla tok vi nattbuss til Florianopolis - ein by som til dels ligg ute på Ihla Santa Catarina, og er hovudstad i delstaten med same namn. Der vart det bading, solbrente lår, debut på surfebrett, og tre middagar på buffet. Nordmenn på sushibuffet har vanskar med å bremse, og Catrine og Anne har fått vomsjokk etter at livet som småspiste pensjonistar i mellom-amerika vart erstatta med dagleg proteinorgie. Dei ser no ut som biafrabarn, i alle fall rundt mageregionen. Tove og Linn er skuffa over fordøyinga vår, og trugar med å ikkje ta oss med på kjøttrodizio i Rio. Martin er derimot som skapt for et-med-du-gjerravil-livet, og Anne Sofie klagar aldri. Ho syns til og med natta på ein plankebrisk i Florianopolis var deilig. I Floripa budde vi nemleg i seksmannsleilighet, der ein av soveplassane var eit laken trekt over ei sengeramme, som vi byta på. Ihla Santa Catarina er ei rett stor øy, så vi leigde to bilar for å kome oss litt rundt på leit etter sjulte strender. Martin trakterte ein Renault Clio, medan Anne sat bak rattet på ein Ford Focus. Bilkøyring i Sør-Amerika er ikkje tilpassa den passive køyrestilen sistnemnde soknar til. Det vart nokon dristige manøvrar med den daukøyrde Forden og ein del blåturrundar i sentrum. Vi kom oss utruleg nok frå det utan skadar på korkje maskin eller menneske. Catrine hadde rett nok maxpuls heile kvelden.

Frå Florianopolis reiste vi i eit døgn for å kome til Paraty. Den gamle arkitektoniske godbiten sør for Rio fungerte i si tid som ei trygg hamn for portugisarane som frakta gull frå gruvene lenger inn i landet over til Lisboa. I Paraty var vi for det meste til havs. Båtane våre vart mindre og mindre. Vi starta i skute med mast, gjekk over til ei lita jekte og endte i kajakk. Bukta der Paraty ligg er skamvakker, men høgdepunktet var definitivt å sjå skilpadder stikke hovudet opp av vatnet for å puste. Vi såg dessuten nokre små raude aper som likna på blå, gamle menn i fjeset. Vatnet var dessutan pisslunka. Når vi fyrst er inne på toalettmetaforane må eg nemne at eg ser fram til å spyle ned dasspapir att i framtida. No er leveregelen "only if it comes out of you, it can go down the loo".

Nett no sit vi på bussen på veg til Rio de Janeiro, og der blir det nok det Anne Sofie kallar levande liv. Vi skal nemleg slå oss i lag med enno fleire frå gamlelandet. Mathisen og Eirik reiser i to døgn frå Asia for å møte oss i karnevalet si høgborg, og Oda er allereie på plass. I tillegg bur Stine i byen, og enno er det kanskje fleire.

Med det takkar harepusen, oteren, røyskatten, ekornet, brunbjørnen og leoparden for seg for no. Det blir lesarane si oppgåve å finne ut kva for eit totemdyr som tilhøyrer kven.

Anne sin tur til å ligge på brisken.

Jag vill tacka livet

Skjulet i Caye Caulker. Huset kabler og kakerlakker.

Utsikten var upåklagelig.

Oh my God, I can't believe it. I've never been this far away from home.

Tulum

Carneval i Cozumel

Cuba libre!

Catrine kjører Micra. Fidel kjører denne.

Ida og Heidi før salsakurs.

Anne og Catrine før salsakurs.

Deisys, vår vert i Havanna, sørget ikke bare for husrom. Prisen inkluderte privat salsakurs, ernæringsråd, astrologisk analyse og sjekketriks.

Lima. Kun en gold av øde ørk.

Dagens outfit, VIP Lounge, Lima

Buenos Aires, Boca.

Biff og forente nordmenn.

To har blitt til mange! Argentina og Uruguay

Etter å ha sagt takk skal du faen meg ha til Peru for denne gong dro Catrine og Anne søraust til Buenos Aires i jakt på betre dagar. Grunnen til den gretne avskjeden med Lima er fleirdelt. For det fyrste kom vi frå trygge Havanna til ein by der vi ikkje fekk gå ut av drosja før sjåføren hadde sett etter drapsmenn bakom husnovene, og der vi vart innelåst på eit hostell med straumgjerde kring. For det andre fekk vi berre så vidt dra frå byen. Flyselskapet hadde solgt billettane våre og vi vart avspist med eit halvt døgn i VIP-losjen og ein lunsj. Anne vart så bitter at ho forsynte seg tolv gonger frå buffeten. På flyplassen var det dessutan så kaldt at vi nærast forfraus oss på berrføtene. Vi vart dertil uglesett av dei tilsette då vi prøvde å varme føtene i sofaen. Det vi sat att med var kort oppsummert stendige ymt om at vi var på feil sosial hylle i hierarkiet av flyreisande, mageknip på grunn av åfyllfatfesten og forkjølelse på grunn av overdose aircondition.

Difor var det godt å kome til hovudstaden i Argentina der Catrine rauk rett inn på hotellrom i lag med resten av trønderbataljonen, Hans Jakob og Hallstein. Anne tok til takke med hostell utan utlufting, men fekk til gjengjeld selskap av Tove, Martin, Anne Sofie og Linn - og dei er betre enn allslags mjuke senger.

Hostellet vårt var eit klassisk døme på både/og. Det var reint, hadde fine fellesareal og låg flott til midt i sentrum. Samstundes var det fest der heile natta, noko som hald Linn vaken. Dei andre vart nok slegne ut av mangel på oksygen på sovesalen. Der var det nemleg ingen vindu, berre ei vifte som slong Anne sin uthosta bakterieflora rundt i rommet og smitta fleire med perusjuka. Sovesalen innehold og tre franskmenn utan respekt for intimgrenser og privat eigedom. Dei satt i sengekleda våre og hong trusa si til lufting på Tove si seng. Til alt hell hadde mor til Linn sendt med dotra sterile hanskar til å fjerne slik ofyse. Takk, Eva! Diverre må vi opplyse om at kniven du au sendte med rauk i grenseposten mellom Argentina og Uruguay.

Argentina er, som skriftene seier, synonymt med biffkjøt. Vi lærte fort at ein alltid må kjøpe lomo. Ved eitt høve prøvde vi oss nemleg på "tasty mixed meet from the country". Vi såg for oss litt kalv, litt indrefilet, litt ytrefilet, og kanskje ei ribbeside. Det vi fekk på tallikane hadde vi nok aldri greidd å finne ut kva var om det ikkje hadde vore for dei to medisinarane i følgjet, som dissekerte maten for oss. Medan Linn og Tove lokaliserte binyrer, nyrer og tarm, gnog vi andre på seige kjønnsorgan og nipugga det spanske ordet for indrefilet.

Buenos Aires baud på biff og flott bymiljø, men den store bismaken (verre enn tolvfingertarm og okseball) kom diverre. Hans og Hallstein hadde til vill glede fått tak i kampbillettar til byoppgjeret mellom San Lorenzo og Boca Juniors til seg sjølv, Catrine og Anne. Då vi kom til stadion ville ikkje sjåføren køyre oss til inngangen. Han prata ikkje engelsk, og knapt eit spansk vi kunne forstå brotstykkjer av. Etterkvart kom det ein argentinar bort til vindauget og spor kva vi skulle. Då vi informerte om at vi skulle på kamp, og ville gå inn på hi sida sa han "You don't want to go there. There are people with knives and guns there. There is nothing for you to see". Vi hevda nok ein gong at kampen var verdt eit skue. Då kom den verste responsen vi kunne tenkje oss: "The game is over, we lost". Vi hadde verkeleg tapt, og det på ein kardinalfeil med direkte raudt som konsekvens. På billettane sto det ikkje kamptidspunkt, men det upålitelege Internett hadde fortalt oss at kampen starta 21.00. I etterkant forsto vi at den engelske versjonen av heimesida til klubbane viste engelsk tid. Framleis får eg tårer i augene når eg tenkjer på opplevinga, sjølv om reprisebileta viste to raude til San Lorenzo og stolkasting frå heimefansen før pause. Kanskje var det eit omen frå forsynet som sa at vi hadde døydd viss vi hadde vore til stades, slik ein tilskodar gjorde under forrige San Lorenzo-kamp? Om 10 år har dette potensial til å utvikle seg til ei god historie. I mellomtida får vi leite etter kampbillettar i Rio de Janeiro.

Frå BA reiste fem av oss vidare over elva til Uruguay, og den vesle perla Colonia del Sacramento. Catrine vart att i storbyen og nytte luksusen litt til, medan vi andre slappa av i smuglarhamna portugisarane danna i si tid. Anne slappa så mykje av at ho sov omtrent heile tida, så no byrjer endeleg perufeberen å sleppe taket. Tove, Anne Sofie, Linn og Martin vart derimot solbrente og sykla seg ein tur ut på bygda på gardsbefaring. Dei kunne konstantere at renovasjon ikkje er eit prioritert område for uruguanske gardbrukarar, og at bikkjene var mange.

I dag er vi komne til Punta del Este, eit bade- og surfeparadis der Rio de la Plata møter Atlanterhavet. Lonely planet-guiden vår kjem med følgjande oppmoding for å lukkast med å gli inn mellom mengdene her: "tan it, wax it, buff it at the gym before you hit the beach and party on all night". Status blant reisetroppen er diverre at dei fire som kom i mars er bleike, Martin er hårete, Anne Myrset er utrent, og alle blir daudtrøtte kring midnatt. Heldigvis er vi her utanom sesong, så vi satsar på å flyte rundt i bølgjene utan å vekkje all for mykje merksemd med avvika våre.

Cuba

Cuba: Det finst ingen sjølvsagt måte å angripe dette krokodilleforma arkipelaget i karibien på. Landet er så mykje og så annleis at detaljane flyt saman lik havregryna i vassgrauten. Det er ikkje lett å plukke dei frå kvarandre. Når ein finn seg i ein slik situasjon veit alle som har skrive oppgåver på norske universitet at det enklaste er å ty til ein komparativ analyse. Etter drygt ei veke på øya er det særleg nokre høve der samanlikning mellom Noreg og Cuba kan vere gronæme for å skildre dei inntrykka vi sit att med.

1. Gut utan uhumske mål følgjer ein krøtterflokk av jenter heim frå byen

I Noreg er dette ein ynskjesituasjon. Politiet er takksame, og oppmodar alle gode medborgarar til å gjere det same.
I Havanna (som rett nok er mykje tryggare å ferdast i enn Oslo) vert guten stogga av die Polizei og må vise identifikasjonspapir og gjere greie for kva han driv med. Då vi vende oss til følgjesvenen vår, Jordani, og undra kva som sto på, svara han berre med eit smil at dette ikkje var noko å bry seg med. Politiet trudde berre han var prostituert, sidan han gjekk i lag med så mange utanlandske jenter.

2. Turistane og maten

I Noreg vert vi ergerlege på tyskarar i bubilar som har med tørrmat for ei heil militær vinterøving på ferietur, og ikkje kjøper av overfloden vår.
På Cuba får ikkje dei bufaste kjøpe mjølk eller hummar, for den produksjonen og tilgangen som finst er øyremerka hopane med turistar.

3. Måten å tilkalle seg merksemd på

I Noreg gryntar eller kaukar ein. Nokon seier kanskje "du!" eller liknande.
På Cuba er det mest vanlege å kysse høgt ut i lufta eller lage same lyd som når ein "kissar" på ein katt. Fulle av oss sjølv som vi er, trudde vi fyrst at desse lydane indikerte at vi vart sett på som litt av nokon fruktbare og flotte fruentimmer. Det viste seg å vere feil. Då Anne vart med på ei fotballtrening med nokre lokale gutar skrall kysselydane som grashopper ein lummer kveld kvar gong ein av gutane fekk ballen i nota. Då Ida tråkka på ein glasskår og reiv av ein hudflik, slik at ho måtte inn på næraste hotell og vaske bort blodet, kom kokken springande frå kjøkenet og byrja å kysse etter foten. Dei me budde med kyssa og laga kattelokkelydar etter onklane, bestemødrene, døtrene og brør sine i eit sett.

Slik kan samanlikninga halde fram side opp og side ned. Som de forstår er altså poenget at vi møtte ein annan kultur enn den vi er vane med. Vi er forresten Catrine, Anne, evig fascinerte Ida og brutalt ærlege Heidi. Sistnemnde er brutalt ærleg på det viset at når Ida kjenner seg forplikta til å hjelpe til å ta av bordet seier Heidi "I lika best å ikkje vare te nytte, i ". Ida er evig fascinert gjennom at ordet "fantastisk" er ein del av annakvar setning ho uttrykkjer. Her er eit døme: Alle fire går bortover ein veg. Anne går fyrst, men slakkar på farta for å sleppe dei andre framfor seg. Denne dialogen følgjer:
Ida - Hvorfor stopper du?
Anne - E vart så fistrengt, det kjem en sur en og di skal slepp å få teven rett i maskånj. Berre ga fære.
Ida - Anne! DU ER FANTASTISK!!!
Desse to var uansett eit fantastisk innslag i karavanen, og tilpassa seg dertil musikalsjangeren som rår i reisefylgjet. Dei betakka seg ikkje for å stemme i til "Gje meg handa di, ven, når det kveldar" til trass for at vi sat i stova til ein av våre uoffisielle reisekonsulentar, Rigo, og nytte mojitoen hass. Heidi og Ida er i tillegg atskillige hakk betre enn Catrine og Anne til å lee på seg i takt med musikk. Før eller seinare måtte det vel skje. No har vi med andre ord kasta skammen og gjennomført salsakurs på lågt nivå. Eit døme på gjeve cubanar er at salsainstruktøren, som vi tilfeldigvis traff på midt på gata i Havanna etter å ha ymta laust frampå om kurs fire dagar i forvegen, tok på seg arbeidet sjølv om danselokalet var oppteke den dagen. Han ringte berre ein instruktør til og rigga eit danselokale i stova si. Utan korkje smusstillegg eller tillegg for ubekvem arbeidstid.

No vel, forutan å raudne og tråkke folk på tærne, har vi vore på museum og sett ein dose cubansk stoltheit og leiken propaganda. Vi har gått på tur i haugane kring Vinales. Vi har bada i det klåraste vatnet eg nokon gong har sett, og drukke mykje av det cubanske flaskevatnet som smakar symjebasseng. Vi har sett ein hovudstad som sakte men sikkert kryp fram att frå oska etter fordums glans gjennom enorme restaureringsprosjekt. Det seier noko om både samfunnet og prioriteringane at den mistenkte "jinteroen", Jordani, vel å ikkje arbeide som advokat, som han er utdanna til, men heller bidreg i familien sitt snikkarfirma. Vi har budd i to herlege Casa Particulares - med verdas beste Deisys i Havanna, og Juanito Mojito i Villa Mojito i Vinales. Der har vi fått innblikk i tette familieband mellom lune menneske og ete til vi skjemtest. Vi har køyrd alt frå eit flak av ein 1957 modell, Chevrolet til ein Lada frå 70-talet. Å køyre Lada var forresten ikkje særleg eksotisk for meg, sidan eg trass alt disponerte ein Fiat Regata 85-modell eit halvårs tid. No har eg og Catrine kome til Lima, der vi skal strande to net før ferda held fram til Buenos Aires. Vi var litt redde i låst bil på tur frå flyplassen, men har no forskansa oss på hostellet og skal sove ut og vente på dagsljoset og betre tider.

iHasta la victoria, para siempre!

Carneval og farvel til Catrines kjøtt


I skrivande stund ligg vi i Cancun og ventar på kumpanane våre, Ida og Heidi, som skal sprute ny glød og friskt blod inn i ekspedisjon vidvanke. Det trengs. Sidan sist har nemleg Catrine vorte råka av den blodsugande ulukka. Vi må spole attende eit par dagar og dra til Cozumel.

Det gode med Cozumel er at vi møtte tre livlege menneske som tok oss med ut på carnevalsfeiring. Tooshar frå USA, Francis frå England, og Asi frå Tyrkia. Det var full treff frå fyrste "hola", og både eg og Catrine hadde godt av å bli vekt frå pensjonisttilveret med sengetid 22.00 og morgonrevelje 07.00. Carneval er sprøtt. Fire generasjonar er ute og dansar heile natta. Dei halvmeterlange ungane ristar seg som koreograferte kvalpar, og dei meterlange foreldra og besteforeldra deira er ikkje dårlegare. Det florerer av perler og parykkar, fjørpynt og fyrverkeri. Baksida med carneval er at ein ikkje kan unngå å bli dregen inn i dansen. Vi skjemdest som gamalt kjøtt, men spasma rundt i gatene lell. I dasskøa dumpa vi forresten borti ein gjeng som drog oss inn VIP-inngangen på ein utestad og sponsa heile kvelden med vodka og juice. Å laurdagskveld. Å ungdomstid, og nachspiel i hengekøya til morgongry.

Dagen etter hadde vi ein snorkleavtale klokka 11.00. Vi stilte i ein suspekt tilstand, og Catrine song "en sommernatt ved fjorden" til han som styrte båten. I vatnet øvde eg innbitt på å symje som oceangirl, noko som faktisk er mogleg sidan det karibiske hav er like salt som ei spikkjepølse. Fiskane var dertil fine. Vi var like suspekte då vi kom i land i lag med ein blytung regnskur, og eg vurderte det til at eg like gjerne kunne springe heim i elva av søppelvatn iført ei slaskete bikinitruse. Eg hadde trass alt allereie kasta skamvitet i runddansen førre kvelden. Catrine er som kjend naturleg blyg, og sprang i ein handduk.

Då vi vakna morgonen etter var Catrine dekt av noko som liknar på små kjøttbollar. Etter googling og sjølvdiagnostisering kom ho fram til at det er veggedyr som har drukke seg nedåt på blodet hennar. Heldigvis briskar Catrine seg som Helene Harepus, og klagar nesten skummelt lite. I dag vart forresten liva våre til ein musikal, og sidan vi berre greier å synge til kvarandre prøvde eg å trøyste pasienten med ein sjølvskriven trall. Han går på melodien "vestland, vestland".

Å vesla, vesla - når eg ser deg slik
Med heile kroppen full av veggdyrstikk
Dei beit i all sin vrede heile kveld
I mugne senga på eit mørkt hostell

For blodet strøymde i deg, friskt og nytt
No er du tappa, tom, og ganske snytt
For minst ein liter. Det vart anemi
Statistisk del av ein epidemi

I morgon, vesla, skal du vakne att
Med hud som nok ein gong er slett og glatt
Då blir det heile til eit fordums æsj
Som berre høver i eit minnevers


Unbelizeable! Nye dyr, nytt språk og ein haug med møkk

Tulum og Caye Caulker

Tulum er ein ganske så anonym by, men har ei fantastisk kyststripe, som kan få kvar ein kiteentusiast til å bli klam i hakket. Der fekk vi endeleg hotta oss til å sjå på ruinar etter mayasivilisasjonen. Vi snorkla i tillegg i verdas nest største korallrev. Til og med Anne, som sym like godt som ein maur, overlevde og koste seg i fiskestimane. I Tulum budde vi på Casa del Sol hostel, fordi vi vart tilrådd dette på busstasjonen. Hostellet fungerte som ein slags koloni for alternative barneforeldre, og vi vakna til ungeskrik kvar dag. I det høvet takkar vi våre respektive opphav for ikkje å ha røyka store mengder marihuana med oss på fanget, eller stelt oss på møkkete offentlege bad alt for ofte. Bada på Casa del Sol var så ofysne at vi fatta plenumsvedtak om å finne ein stad med eigen dusj ved neste destinasjon - øya Caye Caulker utanfor Belize.

Medan vi fraus oss gjennom ein iskald nattbusstur, vart svindla for ein urettmessig sum på grenseposten mellom Belize og Mexico, og entra Belize City til nyhende om mord i sentrum, gledde vi oss til å ankomme vår eiga lille hytte, med vår eigen reine dusj, på Caye Caulker. Vi gjekk med andre ord av taxibåten med solskin i blikket. Begge vart noko meir overskya til sinns då vi fekk sjå hytta. Ho likna på vedskjulet på Myrset, berre at veden var erstatta med to morkne senger, ein dass og ein dusj. Vi tok til takke lell, sjølv om iguanane på trammen kanskje burde gjeve eit ymt om at det var eit mistak..

Eit lite intermezzo. Eg kom tidleg med lovnadar om å ikkje ha så stort fokus på avføring i desse oppdateringane, men i einskilde tilfelle kjem ein berre ikkje unna. Det er rett og slett naudsynt med litt kammar mellom linene for ikkje å gjere skam på forteljinga som form. Dessutan krev det visuelle inntrykket av hytta vår denne avsporinga. Så her kjem heile skiten:

Vi hadde altså teke inn i skjulet, og Catrine gjekk ned på den halvrotne piren vår for å kvile i sola og kome på rett kjøl. Eg gjekk inn for å tømme ryggen. Då arbeidet var unnagjort tappa eg som seg hør og bør ned. Til mi store sorg ville ikkje dei to solide stolpane i skåla bli med i dragsuget, men sirkla berre dovent og hånleg ikring.  Eg venta tappert på at sisterna skulle fylle seg, men det same gjentok seg. Etter fjerde spyling skjønte eg at det unemnelege måtte til - doggybagen. Eg grov opp skiten min med ein plastpose, knytte han att, og bar han over tunet til søppelbøtta. 

Vi budde altså i eit skjul, med tett dass, øgle på trappa og ei seng som hadde overlevd to verdskrigar. I tillegg hadde vi berre kaldvatn. Eg dusja med brain freeze utan å puste, medan Catrine valgte ei løysing der ho sto utanfor dusjen og stupte inn med jamne mellomrom. Alt dette kunne vi leve med. Det var fyrst når natta kom og feite kakerlakkar pilte over golvet, medan resten av artsmangfaldet forsynte seg grovt av den sangvinske huda til Catrine at det vart utriveleg. Heldigvis for min del har eg  ikkje årelatt meg på så lenge eg kan hugse, og har difor solid overskot av galle, noko som resulterer i at insekt tykkjer eg er usmakleg. Catrine er derimot sunn som den søtaste honning, og tilsvarande full av bitemerke. Den neste natta bråvakna begge på likt av eit kjøle til leven. I bekmørkret høyrde vi ei valdsam krafsing frå bagasjen vår. Vi ville gjetta på grevling, men fann ut at vi heller ville leve i uvisse enn å slå på ljoset. Neste dag oppgraderte vi habitat, og dansa av glede til reint rom, atskilt bad og laken utan hol i. 

Caye Caulker er, for dei som ikkje giddar å google, ei 8 km lang koralløy utanfor Belize. Her bur det omlag like mange som i Eidsvåg og på Eidsøra til saman, og samtlege helsar når ein går forbi. Namnet på øya skal visstnok stamme frå at båtbyggarar lot båtane trutne (caulk) i dei grunne sunda her. I likskap med resten av Belize er øya prega av eit rikt dyre- og planteliv. Vi har til no sett mest fuglar, øgler, salamandarar og krabber (samt det som har ete Catrine). Det er mykje hummar i havet her, og valentinsdagen feira vi med å setje til livs to av dei. Andeleg sett står rastafarikulturen sterkt, og Jehovas vitner har ei kyrkje på staden. Grafittien vekslar difor mellom å oppmode til kjærleik mellom alle slags folk, og å åtvare mot evig fortaping. Engelsk er fyrstespråket, men nokon pratar spansk, andre kreol, og det er kinesarar som driv alle matvarebutikkane. Etter at vi bytta heim har vi blitt så fornøgde at vi tek ei natt til på CC. Sidan vi ikkje veit kor vi skal etterpå nyt vi nok ein stjernehimmel, så kvass som ei klår vinternatt i utkantnoreg, medan vi bestemmer oss. 
Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits